Grunnet vedlikehold av systemet vil meråpent i Tønsberg og på Revetal ikke fungere onsdag 3. mars. Hvis du planlegger å være på biblioteket denne kvelden må du være innenfor dørene før kl 19:00 (Tønsberg) eller kl 16:00 (Revetal).
Rettskrivinga, uttalen, ordforrådet og språket generelt har dei fleste av oss sterke meiningar om. Ikkje minst har påvirkninga frå engelsk i dei siste tiåra vekt mange diskusjonar her til lands. Somme uroar seg for skjebnen til det norske språket, andre lurer på korleis dei skal skrive eller presentere alle dei nye språkfenomena som dukkar opp med rasande tempo.
Professor Helge Sandøy gir i denne boka svar på kvifor språksituasjonen er slik han er og kva vi kan gjere med han. Lånte fjører eller bunad er rikt illustrert med tekstdøme og teikningar og vil vere ein flott reiskap for norsklæreraren på høgare trinn i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Studentar i lærarutdanninga og nordisk vil òg finne mykje nyttig stoff i boka.